Vi held telefonen stengt i dag i tidsrommet 09:00 – 15:00 grunna gravferd til vår tidlegare kollega Roy Petter Thorsen.
Roy Petter arbeidde hjå oss fast frå 2007 til 2011 og har vore ein svært viktig støttespelar for oss i tida etter. Han var ein dyktig kollega som har sett tydlege spor i organisasjonen vår.
Vi ber om forståing frå våre kundar og samarbeidspartnarar for eventuelle ulemper dette kan medføre. Vi vil opne telefonen igjen så snart gravferda er over, og vil vere tilgjengelege for å hjelpe våre kundar på best mogleg måte.
Våre tankar og kondolansar går til Roy Petter Thorsens nærmaste familie og vener.