Nyheiter
Her finn du siste nytt om ARKo og våre tenester. Meld deg opp på vårt nyheitsbrev for å halde deg oppdatert.
Dette er nytt
Norsk Helsenett (NHN) har innført nye medlemsvilkår som får betydning for mange private helsetenester. Endringane handlar i hovudsak om kven som skal ha eige medlemskap i Helsenettet, og korleis ansvar blir knytt til verksemd og organisasjonsform. Her gir vi ei kort og oversiktleg oppsummering av dei viktigaste punkta – og kva dette kan bety i praksis.
Medlemskap er knytt til verksemd – ikkje person Eit sentralt prinsipp i dei nye vilkåra er at medlemskap i Norsk Helsenett er knytt til verksemda som yter helsehjelp, ikkje til den enkelte behandlaren som person. Dette inneber at kvar sjølvstendige helseverksemd i utgangspunktet skal ha sitt eige medlemskap. Tidlegare har det vore vanleg at fleire behandlarar eller verksemder har vore omfatta av eitt felles medlemskap, til dømes gjennom eit institutt eller kontorfellesskap. Dette blir no stramma inn.
Kva betyr dette for ulike organisasjonsformer? Korleis dei nye medlemsvilkåra slår ut, avheng av korleis verksemda er organisert: * Tilsette behandlarar i DA, SA eller AS Dersom behandlaren er tilsett i verksemda (til dømes eit AS, DA eller SA), treng han eller ho ikkje eige medlemskap i Norsk Helsenett. Dei er då omfatta av verksemda sitt medlemskap. * Sjølvstendige behandlarar med eige ENK under ein paraply Dersom instituttet fungerer som ei paraplyverksemd for behandlarar som driv eige enkeltpersonføretak (ENK) eller anna sjølvstendig verksemd, må kvar enkelt behandlar ha eige medlemskap i Norsk Helsenett. Dette gjeld sjølv om dei deler lokale, journalsystem eller administrasjon. Denne presiseringa vart stadfesta av NHN i eit webinar, der det vart understreka at det avgjerande er kven som faktisk er ansvarleg verksemd for helsehjelpa.
Samhandling og trygg informasjonsflyt Alle medlemmar i Norsk Helsenett må oppfylle gjeldande krav til informasjonssikkerheit og samhandling. Medlemskap er ein føresetnad for å kunne nytte tenester som elektronisk meldingsutveksling, e-resept og andre nasjonale e-helseløysingar. Berre personar med signaturrett kan signere medlemsvilkåra på vegner av ei verksemd. Overgangsperiode NHN har lagt opp til at 2026 blir ein overgangsperiode, slik at verksemder får tid til å tilpasse seg dei nye krava. Likevel er det viktig å setje seg inn i regelverket tidleg, spesielt for institutt med fleire behandlarar og samansette organisasjonsmodellar.
Vi hjelper deg gjerne Endringane i medlemsvilkåra kan få konsekvensar for både tekniske løysingar, journalsystem og organisering av verksemda. Hos Arko følgjer vi utviklinga tett og hjelper gjerne kundane våre med å forstå kva dette betyr i praksis – og korleis ein kan finne gode løysingar innanfor regelverket. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller ønskjer ei vurdering av di verksemd.
Åpningstider jula 2025
Måndag 29.12.25 - 10:00 - 14:00 Tysdag 30.12.25 - 10:00 - 14:00 Onsdag 31.12.25 - 10:00 - 14:00 Torsdag 01.01.25 - Stengt Fredag 02.01.25 - 08:00 - 16:00
Bestill nytt kort i tide
Buypass smartkort har ei utløpsdato – denne finn du på kortet ditt. For å unngå at dette blir sperra og at du må gjennomføre ein ny ID-kontroll, tilrår vi å bestille fornying før kortet går ut. Det er enkelt: Logg inn på Min Side på buypass.no, der vil du sjå valet «Forny ditt smartkort». Heile prosessen tek berre nokre få minutt.
Buypass smartkort
Har du fått nytt smartkort eller skal bestille nytt smartkort frå Buypass må du hugse å aktivere dette. Klikk på lenka under for å aktiver ditt smartkort: https://secure.buypass.no/smartcard-client/activate
ARKo v.6.01
I dag, 1. juli kom det ny versjon av ARKo, v.6.01. Denne versjonen inneheld oppdaterte takstar. Denne versjonen er allereie installert for alle som er på ARKo Helse og ARKo Online. Dersom du har ein lokal installasjon må du trykke på knappen under for å laste ned versjonen og deretter installere ARKo. Hugs å lukke og sikkerhetskopier ARKo først. Vi forventar stor pågang på telefon denne veka, så vi ber om forståing om at det kan bli litt ventetid.
AI- og Live-chat
Vi lanserar i dag ein AI-chat som er trent opp i ARKo Terapeut og ARKo Helse på våre nettsider arko.no. Du kan også chatte med våre kundebehandlarar i våre opningstider, måndag til fredag 08:00-16:00.
Ny sats
Frå 1. januar 2025 auka taksten for kjøregodgjersle frå kr 4.90,- til kr 5.00,- per kilometer. Dette kan du endre inne i ARKo ved å klikke på Vedlikehold --> Takstregister --> Takstregister. Ring oss evt. for hjelp til dette.
Betre pris for dei fleste
Frå og med 1. januar 2025 introduserte Norsk Helsenett ein ny prismodell basert på omsetning. Endringa inneber at dei fleste medlemmene vil oppleve ein redusert medlemskostnad, noko som gjer medlemskapen hos NHN meir kostnadseffektiv for dei aller fleste verksemder.
ARKo v. 6.00
Satsene for erklæringstakstene til Statens pensjonskasse (Spk-takstene) blir oppjustert med virkning fra 15.02.2025. Det er ellers ikke gjort noen endringer i satsene for øvrige takster.
Resultatet frå kundeundersøkinga er klar
16. april 2024 inviterte vi kundane våre til ei kundeundersøking, og vi er svært takksame for deltakinga! Vi har mottatt monge forslag til forbetringar og funksjonar som de ynskjer å sjå i ARKo framover. Under kan du sjå resultata over kundetilfredsheita.
"Kor fornøgd er du med ARKo journalprogram?" - 8,2/10
"Kor fornøgd er du med kundestøtta frå ARKo?" - 9,7/10
"Kor fornøgd er du med kommunikasjonen ut frå ARKo? (Nyheiter, informasjon om feil, marknadsføring ol.)" - 8,9/10
"Kor fornøgd er du med ARKo totalt sett?" - 8,8/10
Vi har lansert vår nye nettside
Vi har lansert en helt ny nettside med oppdatert design og funksjonalitet. Den nye nettsiden gir en bedre oversikt over våre tjenester og produkter, samt enklere tilgang til informasjon og nyheter.
Endringer i regelverk og takster for fysioterapeuter fra 1. juli 2024
ARKo Terapeut v.5.97 er lansert med oppdaterte takster og regler fra 1. juli 2024.Dette inkluderer økte driftstilskudd, egenandeler, samt justeringer i takster for barn under 16 år og gruppebehandling.
Nicolai Buanes tar over rollen som Daglig Leder
I dag starter Nicolai Buanes i stillingen Daglig Leder i ARKo AS. Nicolai har over 11 års erfaring i ARKo innan kundeservice og som økonomiansvarlig.
Jon Åstveit ansatt i stillingen programvareutvikler
I dag startet Jon Åstveit hos ARKo som ny programvareutvikler. Jon har tidligere jobbet som kokk og har omskolert seg til programvareutvikler innen frontend og design.